.


Posta under trivielt | Kommenter innlegget

Då 2011 var over

Eg avslutta 2011 med nokre av dei folka som har fylt året med latter og gledestårer.  Tenk så veldig fint å kunne treffast og sjå tilbake på dei tre åra vi praktisk talt har budd ilag, og etter kvart fungert litt som ein familie. Det var, som forventa, ein dag og kveld eg seint vil gløyme!

Innedag_1
Innedag_2
Innedag_3
Innedag_4
Innedag_6
Lavik_2
Lavik_3
Lavik_4

Posta under kvardagsfest, trivielt | Kommenter innlegget

Eit veldig trivielt innlegg

Eg er naiv, ambisiøs og til tider tek eg meg tusen liter vatn over hovudet. Jepp, første kapittel i dette innlegget handler om nyttårsforsett. Prøver å skrive nokre gode no. Døme:

1. Platekontrakt
2. Vinne i lotto
3. Sjå slik ut før bikinisesongen:

oups, jaja whatever. You get the point.

Vi går vidare til neste post. Jula handlar jo, som kjent, om julebord, julegåver og å kunne fråtse med god samvit. Eller kanskje gløymde eg det viktigaste? Sjølvsagt! Det er jo no vi kan sjå på film heile dagen utan at det kjennes veldig veldig feil.

Eg har ikkje blogga på lenge. Klarar ikkje å bestemme meg for om årsaken er smørmangel, Dagmar eller rett og slett for mykje anna å ta seg til (Sims, Facebook, Big Bang Theory).

Kom forresten på at vi har jo smør :)

Innedag_10

Så då er det ikkje difor, iallefall.

Dette er det mest useriøse og usensurerte innlegget eg kjem til å presentere her nokon gong. SÅ NYT DET, mine kjente og kjære!

Som ei verdig avslutning slenger eg med eit bilete som skildrar jula mi ganske bra:

kvaliteten vart litt dårleg her på WordPress. Jaja

No stuper eg i seng. Preikast neste år!

(Eg er litt inspirert, så snart skal eg skrive noko fornuftig her! YEAH)

Posta under trivielt | 2 kommentarar

Det er her det skjer

For å demonstrere kor lite interessant som faktisk skjer akkurat no.

(Men om ei veke så er eg fri igjen! Ferdig med fjerde og siste eksamen, og klar for nye eventyr. Det er då alt kan/skal skje!)

Posta under trivielt | Kommenter innlegget

Things I wanna do

Alt tek så lang tid. Etter eit halvt år med vinter kom eit halvt år med sommar. Og no ligg berre lauvblada most på bakken som vitnar om fine haustdagar. Det er som om vi lever i eit vakuum som vi helst ikkje vil snakke om.
novembersolDet tek for lang tid.

Sjølv set eg på denne spelelista, leiter fram eit kart og prøver å finne land og byar og menneske eg vil reise til. Ein må jo berre sette tålmodighetshatten på og vente.

Posta under trivielt | 3 kommentarar

Og leve til man dør

Det haster!
Å holde tankene sine fri
Man må le til man må gråte
Og leve til man dør

Det haster!
Når man snakker og ikkje gjør
Man må le til man må gråte
Og leve til man dør

// Casiokids – Det haster!

LaughterLaughter
Laughter
Latter
Laughter

Posta under trivielt | Kommenter innlegget

Oslo

Fem koppar kaffi, sol på Aker Brygge og opplading før ein kald vinter og lange dagar med eksamenslesing. Slik var min haustferie, og eg kan leve lenge på det. Eg er så heldig at eg har ei tante som lar meg bu i den finaste heimen når eg er i Oslo. Ho har bilete på veggane, eit staffeli i stova, og planter overalt. No er eg heime igjen, og saknar det litt. Oslo_1

Posta under trivielt | Kommenter innlegget